Camping / B & B

Camping og Bed & Breakfast


Campingplassen ligg ut mot Hafslovatnet.


Sjå presentasjonsvideo her:



Lyngmo har gode moglegheiter til overnatting i flotte 2 - 7 sengsrom med eige bad, i campinghytter eller på campingplassen. Me tek i mot enkeltgjester og grupper.

I sommarsesongen satsar Lyngmo på turisme. Me tilbyr då Bed & Breakfast, med overnatting på det flotte internatet vårt. Dei flotte romma kan nyttast som enkeltrom eller som familierom.

I tillegg til overnatting på rom har me campingplass og campinghytter. Det er badestrand og flytebryggje på campingplassen, noko som gjev gode mulighetar for å bade og fiske i Hafslovatnet. I tillegg har Lyngmo utleige av kanoar og robåtar.

Bed & Breakfast:
Dette tilbodet er i 2011 opent mellom 20. juni og 14. august.

Frukosten vert servert som buffet i matsalen mellom 08.30 og 09.30.

Rom og overnatting

Romma:
Lyngmo har sengeplass til ca. 100 personar.
Dette er fordelt på 26 rom. Me har 16 familierom med 2 – 7 sengeplassar.
Alle desse romma har eige bad med dusj og toalett.
I tillegg har me 10 dobbeltrom utan bad. Desse romma har felles sanitæranlegg. For større grupper er det også mogleg å bruke hyttene.

Campingplassen:
Denne ligg med nydleg utsikt mot Hafslovatnet og har plass til ca. 25 campingvogner.
Campingplassen har felles sanitæranlegg med hyttene.
Campingplassen er open frå 13. juni - 21. august.

Hytter:
Me kan tilby sju campinghytter med ulik standard og størrelse, med totalt 34 sengeplasser. Det er fire store hytter med to soverom og eit opphaldsrom med kjøkenkrok. Desse har plass til 4 – 6 personar. I tillegg er det tre små hytter med plass til fire personar. Også desse hyttene har kokemoglegheiter. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene og det er felles sanitæranlegg med resten av campingplassen. Hyttene er enkelt utrusta med minikomfyr/kokeplater og kjøleskap.

Aktivitetar:
Innandørs har me biljard, bordtennis og airhockey. Utandørs har me badestrand i Hafslovatnet, robåt- og kanoutleige, sandvolleyballbane og trampoline. Bilete frå aktivitetane.

Prisar Camping Bed & Breakfast

  • frå 245,– pr. pers. i rom med 4-6 senger

  • frå 420,– pr. pers. i dobbelt rom

  • Hytter: Stor: 530,- pr natt. Lita: 375,- pr natt.