Bibelcamping

Bibelsommar i Vest 1. - 10. juli 2012 - Hjarteleg velkomne!


Viktig og oppdatert informasjon:


5. januar: Prisane er lagt ut som pdf-fil lenger nede


5. januar: Oppdatert talarliste - sjå lenger nede!


2. januar: Me er i gang med å ta i mot påmeldingar til årets bibelcamping. Skriv helst e-post til Lyngmo eller ring på 57684366.


Talarar på Bibelsommar i Vest 2012


 1. – 6. juli: Mikkel Vigilius

 2. – 8. juli: Jan Tore Olsen

7. – 8. juli: Purevdorj Jamsran (pastor Puje fra Mongolia) og Bertil Anderson

9. – 10. juli: Øyvind Samnøy

Koret «Gledesbud» fra Namsos blir med fra 2. til 7. juli.

Prisar for Bibelsommar i Vest 2012


Prisane til årets Bibelsommar i Vest finn du her: Prisar Bibelsommar i Vest 2012

Kort om Bibelsommar i Vest


Sommaren 2006 vart det starta opp bibelcamping på Lyngmo. Bibelcampingen er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Luthersk Misjonssamband (Region Vest) og Lyngmo. Bibelcampingen legg fokus på grundig bibelforkynning for dei vaksne og spanande bibelsamlingar for borna. I tillegg til at det skal væra gode møter for born og vaksne vert det organisert mange kjekke aktivitetar for store og små. Det er eigne aktivitetsleiarar som tek seg av dette. Me prøver å ha fokus på alle aldersgrupper, slik at alle skal kjenne seg heime på Lyngmo! Dei tilsette på kjøkkenet på Lyngmo ønskjer å legge til rette for god trivsel. Difor legg dei opp til ein variert og god meny gjennom heile arrangementet.

Ulike samlingar og treffpunkt gjennom dagen skal leggje forholda til rette for at alle skal ha aktivitetar å væra med på gjennom dagen. På Bibelsommar i Vest ønskjer me at alle deltakarane skal kjenna at dei er ein del av eit fellesskap.

Det er ulikt kor lenge dei ulike deltakarane er med på Bibelcampingen. Nokre melder seg på heile perioden, medan andre kun får det til å passe å væra med ei helg. Alle er uansett like mykje velkomne!

Sjå reklamevideo som vart laga til sommaren 2010!